tannlegetime

I otta stod me langs vegkanten og venta på bussen som skulle ta oss til tannlegen. Mammene var med, i alle høve dei første åra, og det var godt, for enno var det mørke natta. Heile skuleklassar vart køyrde dit på ein gong, til Valen sjukehus der tannlegen heldt til. Eg kvidde meg, kvar gong, mange gonger, kvart einaste gong. Då bussen nådde bjørkealleen nedanfor sjukehuset, alleen med dei einaste vegljosa eg visste om, var det ingen veg tilbake, og kvien knytte seg endå hardarde i magen. Enno kan eg kjenna som eit stikk av den gamle kvien når eg dagleg passerer same alleen på veg til jobb, særleg no når haustmorgonane er mørke og vegljosa tende.

IMG_1553

Inne bak den store døra sat me og venta, i time etter time, for eg ville vera sistemann, utsetja ubehaget. Ville heller sitja der i den utolelege tannlegelukta og lyden av tannlegeboren. Gang om annan rasla det i store nøkkelknippe, dører opna seg og alvorlege pleiarar skreid gjennom gangane med ei rekkje av pasientar etter seg, alle litt skremande for ein redd liten jentunge. Inne hos tannlegen vart tannroten bora ut, hola fylde med amalgam, fluor kjende me ikkje til, så det blei ein del som skulle fyllast. Heldigvis er det annleis å gå til tannlegen i dag!

IMG_1560