solefall over nedlagd ferjekai

8.mars i 2008 gjekk siste ferjetur-i-rute frå Opsangersneset/Sunde. Sundegutane song oss ut Opsangersvågen over til Ranavik. Deretter kunne me køyra «turrskodde» gjennom nyopna Halsnøytunell attende til Sunde. No ligg han der, kaien, opnar sin lett rustne famn for ei beredskapsferje i ny og ne, tek stadig mot snøggbåtar «på si'».

CIMG4923siste tursundegutaneCIMG4918CIMG4924CIMG4926