frå sommar til vinter på 1-2-3

På vestsida av Bjellands-neset skin sola, og me kan sjå heilt til havs. Nina-stormen har lagt ned eit utal tre, slik at turstien blir nett høveleg hinderløype for ein aldrande kropp. Blåbærrestane blånar standhaftige på tuene, medan austsida byr på rimfrost og små vinterlege underverk i vegkantane. Englafjell har teke vinterkåpa på, og det er 1 månad til jul.