nyfrelst

Eg er nyfrelst kajakkpadlar. Å padla kajakk har eg aldri prøvd før,  livredd som eg har vore for å velta denne rullande farkosten og bli hengjande fast under kajakken. Men i dag, med glatt Opsangersvatn, var tida inne. Og det fanst ikkje skummelt, berre gøy. Kanskje eg fekk att for ein barndom i strandkanten, for å ha rodd garn på ein meir enn frisk Husnesfjord, henta laks or laksenota, med båtripa nesten under vatn? Rett skal vera rett, kajakken var stødig og brei.

 

 

Blådalshytta

Kvinnherad har mykje fjell, noko litt utilgjengeleg, anna tilgjengeleg. No har Interesselaget for Vardhaugselet sett opp ny hytte nord for Blådalsvatnet, og eit «nytt» turområde opnar seg. Ferda går frå kraftstasjonen Blåfalli 4, under skumle urar, over ei vass-stor elv frå Blådalsbotnen, av med sko og sokkar.

Langs Blådalsvatnet går det litt opp og ned, helst lett å gå.

Hytta ligg veg Grøneviksvatnet (Svartavatnet på kartet). Oppe til høgre ligg Veranuten på 1222 m, nett som Finse. Og uthuset – ei lita perle.

 

vatnet sin veg til deg

Bur du på Husnes, Sunde eller Halsnøy er det mykje truleg at du får vatnet ditt frå Svartavatnet. Under Manen ligg det der som ei stålgrå vassause, stein på alle kantar.

P1010822

Under murkanten kastar vatnet seg nedetter, trinn for trinn, hoppande, dansande, rasande, buldrande.

Men langs dei små sidebekkane kan du våga deg innåt og drikka.

P1010788