vakre Nordrepollen

Mitt fyrste møte med grenda inst i Maurangerfjorden var eksotisk og i svart-kvitt, ein skuletur i 1968. Turen gjekk med båt, bygda var veglaus og til dels fråflytta. Eksotisk fordi her fanst ei hengjebru, det hadde eg aldri sett før! Øyreselva renn som før, men hengjebrua har blitt erstatta av meir solide bruer. I 1972 fekk bygda vegsamband med resten av Kvinnherad, og etter at Jondalstunellen kom, nærast blitt eit knutepunkt i indre luten.

I dei bratte bakkane, småteigane, mellom store steinar og urer blir det framleis dyrka gras til ku og sau. Bygdefolket ser ut til å vera flinke både med landskapspleie og til å ta vare på gamle bygningar, likar du skikkelege vestlandske helletak, så ta turen til Nordrepollen!

 

Fynderdalen

Desse uvanleg vakre haustdagane ropar deg ut på tur. Er du i nærleiken av Mauranger, ta turen til Fynderdalen. Du går inn langs Bondhusvatnet, og kan enno gle deg over blåisen i Bondhusbrea. Ta til høgre opp brattaste lia etter å ha passert Pyttelva. Eit eventyrland ventar på deg.