hagefuglar = hagegleder

Rett utanfor kjøkenglaset har me eit yrande fuglaliv vinteren gjennom. Med god tilgang på solsikkefrø og heimalaga fuglablanding har me mange gjester ’til bords» dagleg.

Blåmeis, kjøttmeis, spettmeis, grønfink, grønsisik er dei flittigaste

Ei einsleg lauvmeis og ei raudstrupe dukkar opp i blant

Sjeldnare kjem det storfint besøk, som stillits og han krev førsterett til maten

Den elles så glupske grønfinken ventar på trygg avstand, og trasta må nøya seg med smulane på bakken

Raunebær og diverse attgløymde hagabær lokka til seg store flokkar sidensvans tidlegare i haust

Og så går det mot vår igjen….