forelska

Eg er nyforelska…i ei øy…Varaldsøy i Kvinnherdsfjorden. Øya har eg segla bort under eller forbi med ferja mange gonger, men no har eg vore i land, lenger enn til den vidgjetne aldersheimen, ein skikkeleg rundtur. Og for ein interessant historie øya har, og for ein natur med unik flora.

IMG_2228

Over heile øya veks gamle påskeliljer «vilt», som ei eng med løvetann.

IMG_2233

I idylliske Øyerhamn ligg gamle bygg og settefiskanlegg skulder ved skulder.

Frå siste halvdel av 1800-talet var svovelkisgruver  storindustri på øya.

På Volaheiane, der berre trollet sit att i dag, slo engelske Barrat seg ned i 1866, som direktør for Varaldsø Mining Company. Gruvesamfunnet talde opp mot 80 personar med stort og smått. Her var skule, bedehus, songkor og sjukestell. Bedehusmurane står trygt enno.

Slagghaugane og koparavsetningar (?) i småtjødnane er på det næraste smykke i utmarka no.IMG_2261.JPG

Litt lysare gul enn påskeliljene, kusommaren, her i selskap med bergfletta. Og enno har eg ikkje vore i Djuvslandslia med all si spennande blomeprakt. Nyforelska kjem eg nok snart att!

trivs bäst i öppna landskap

Påskatur til havs, til Brandasund, eit eventyr av øyar, sund og vikar. I lune skråningar blømer det gult i gult. Frå Brandasundssåta kan du sjå innover kvinnhersfjella, dersom du i det heile blir ferdig med havet.

Her kan du høyra öppna landskap