det me trakkar på

I kveld har eg vore på  blome -og fuglesongtur i Valevågen og på Valeøya, saman med Jan Rabben og ein hyggeleg gjeng blomeinteresserte folk. Arrangør var Folgefonnsenteret, verdt å følgja med på fb og deira mange ulike arrangement.

P1020198

Alle desse blomane, bregnene og grastypane me vassar i eller trakkar på utan å sjå og tenkja på namn… etter denne kvelden veit me litt meir.

P1020170

Første møte var strandsmelle, den du kan smella som ein liten ballong.

Smørblom finst i mange sortar, her engsoleie og krypsoleie ( fin, men irriterande ugras).

P1020175.JPG

Stormarimjelle, snyltaren og tjuven som Olav H. Hauge kallar henne, stel næring frå naboplantane sine.

Erteblomstfamilien med vakre, gule tiriltunga eller Maria gullsko, og gjerdevikke med maur som samlar nektar på utsida av dei bittesmå blada ved feste på hovudblada.

I strandkanten finn me meir gult, gåsemure med sølvglinsande blad, og skjørbuksurta som sytte for C-vitamin til sjømenn i gamle dagar. Ho smakar ikkje godt, meinte dei som prøvde i kveld.

Til rosa kategori høyrer strandnellik og strandkryp, sistnemnde manglar kronblad, det rosa er begerblad, men ser ut som blomsteren.

Svana på reir og i fri flyt var lettast å få auga på i avdeling for fugl.  Men lyden av trast, flugesnappar, gråsisik, måltrast, lauvsongar, bokfink og blåmeis m.m. let seg høyra over Valeøya i kveld.

ballongar, bling og belte

Eg er glad i 17.mai, anten det regnar og bles eller om ein sjeldan gong sola skulle skina. Berre EIN 17.mai-dag har vore ugrei. Eg var 4-5 år, kledd i fin matroskjole og med diger sløyfe i håret – diverre fann eg ikkje att matroskjolebildet – så den kvite kjolekledde får duga. Familien vart frakta til bygdars bak på traktortilhengaren til han far, ikkje mange hadde bil på 50-60-talet. Heile vegen, humpande og skumpande, heldt eg flagget mitt med den grøne ballongen høgt, 17.mailukkeleg og forventningsfull – både ballong og is på same dag!

Folketoget starta ut frå Nyesvingen, eg heldt stadig flagget høgt og fritt. Men der var det ein gutatrave som såg sitt snitt til å halda ap med ein liten jentunge, og med eit poff var 17.mailukka mi over. Flagget blei slept langs vegen vidare mot Gamlesvingen, opp Helvikebrekko og fram til skulen. Eg kan ikkje hugsa om isen smakte godt den dagen.

Ballongar betyr ikkje så mykje for meg lenger, bling derimot… i alle fall på 17.mai. Det kan nesten ikkje bli nok bling, eg samlar på fin bunadsbling. Nydelegaste bunadskniven høyrer til blant blingen, og han er handlaga i Sagvåg.

Bunadsbeltet knyter det seg alltid stor spenning til. Vil det gå rundt livet i år også? Berre eitt år var det for stort, det var då eg hadde influensa tett inntil 17.mai. Overmotig som eg var, sydde eg beltet inn, berre for å måtta ta det ut att – med mykje plunder – neste syttandes. Men no har eg funne ein lur metode. Eg finn fram bunadsbeltet i mars månad og prøver om det rekk rundt der det skal, og at eg kan pusta fritt. Viss eg må halda pusten for å få beltespenna saman, blir det slutt på kaffigodt frå mars til 17.mai!

P1020139

Då ønskjer eg deg ei strålande 17.maifeiring, og viss du har bunad på, håpar eg du slepp halda pusten. (Her gjekk det så vidt i år òg!)

vårsprett

Etter ein heller kjøleg aprilmånad, eksploderer mai i fargar, varme og fuglasong. Og vestlendingen i oss får med ein gong trua på at tidenes sommar ligg framfor oss.

Varm vårsøndag på ski er heller ikkje noko dårleg val. Me sjekka forholda mot Vetrhus (Blådalen) i dag. Vegen inn til Vetrhus var ikkje brøytt, men opp Storbjørnsli var det folk på ski.

Bonden nyttar finavêret og gjer bakkane vårklare.

IMG_2278