ballongar, bling og belte

Eg er glad i 17.mai, anten det regnar og bles eller om ein sjeldan gong sola skulle skina. Berre EIN 17.mai-dag har vore ugrei. Eg var 4-5 år, kledd i fin matroskjole og med diger sløyfe i håret – diverre fann eg ikkje att matroskjolebildet – så den kvite kjolekledde får duga. Familien vart frakta til bygdars bak på traktortilhengaren til han far, ikkje mange hadde bil på 50-60-talet. Heile vegen, humpande og skumpande, heldt eg flagget mitt med den grøne ballongen høgt, 17.mailukkeleg og forventningsfull – både ballong og is på same dag!

Folketoget starta ut frå Nyesvingen, eg heldt stadig flagget høgt og fritt. Men der var det ein gutatrave som såg sitt snitt til å halda ap med ein liten jentunge, og med eit poff var 17.mailukka mi over. Flagget blei slept langs vegen vidare mot Gamlesvingen, opp Helvikebrekko og fram til skulen. Eg kan ikkje hugsa om isen smakte godt den dagen.

Ballongar betyr ikkje så mykje for meg lenger, bling derimot… i alle fall på 17.mai. Det kan nesten ikkje bli nok bling, eg samlar på fin bunadsbling. Nydelegaste bunadskniven høyrer til blant blingen, og han er handlaga i Sagvåg.

Bunadsbeltet knyter det seg alltid stor spenning til. Vil det gå rundt livet i år også? Berre eitt år var det for stort, det var då eg hadde influensa tett inntil 17.mai. Overmotig som eg var, sydde eg beltet inn, berre for å måtta ta det ut att – med mykje plunder – neste syttandes. Men no har eg funne ein lur metode. Eg finn fram bunadsbeltet i mars månad og prøver om det rekk rundt der det skal, og at eg kan pusta fritt. Viss eg må halda pusten for å få beltespenna saman, blir det slutt på kaffigodt frå mars til 17.mai!

P1020139

Då ønskjer eg deg ei strålande 17.maifeiring, og viss du har bunad på, håpar eg du slepp halda pusten. (Her gjekk det så vidt i år òg!)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s