ørten shades of grey

Motar kjem seint til Knausen, som til dømes grå-fargen. Er det ikkje alt mange år sidan «Fifty shades of grey» -boka låg på alle nattbord og alle husa var kvitgrå inne? Rett nok var me vel umoderande grå lengje før grått vart moderande, me som hadde grått hus, grå bil, grå hagemøblar, grå innkjørsle, grå hedler, grå murar og grått fjell. Og no malar me jammen meir grått, no når glade fargar er på veg inn att, dessutan er håret blitt grått også.