julerosene

Då eg gjekk i barneskulen, las eg ei forteljing om julerosene. Eg hugsar ikkje no om det var Selma Lagerløf si legende eller ei anna forteljing, berre at forteljinga gjorde djupt inntrykk på ei lita jente. Kunne slike vakre blomar verkeleg bløma midtvinters? Det skulle gå mange år før eg fekk syn for segn. No blømer dei her, rett utanfor huset vårt, like vakre som historia fortalde.

adventskalender

Mang ein gong har eg stressa med å laga adventskalender til døtrene mine. No er jentene vaksne, i kvar sin by, og mor lagar stadig adventskalender til dei. Men no i rein glede og utan stress. Dagleg publiserer eg på «fellesplattforma» vår eit bilde dei har teikna ein gong då dei var små. Til kvar dotter har eg samla ei eske full av skattar. Gjennom adventskalenderen får vi mange gode stunder «saman», gratis og miljøvennleg er det også 💕