eg likar… del 2

eg likar
*tradisjonar
*gamle ting
*og nyare ting

IMG_20180802_211009

eg likar
*prat på ein altan når kveldsmørkret sig på
*roser i ein bitte liten hage
*søndagsmiddag med duk på stovebordet
IMG_20180802_211425

eg likar
*korte fjellturar
*lange fjellturar
*naturen sin eigen vri
IMG_20180802_211659

eg likar…

*blåklokker i vegkanten
*tidlege morgonar
*sauer bak ei grind
*kyr og kalvar på beite
*lukta av duftsjasmin i ein gammal hage eg går forbi

eg likar…
*å sitja på ein kaffibar i byn
*mjølkekaker
*kvite syklar
*lyden av grus som knasar når det kjem besøk i tunet

eg likar…
*lyden av sommar på sjøen
*gå i land med festo på nye stader
*ettermiddagsbrisen når han ikkje er for kvass
*rullesteinstrender med plass til to

frå Markjelke til Pyttafloane

Køyrer du inst i Mauranger til Nordrepollen, tråklar deg på smal anleggsveg gjennom Øyresdalen opp til Markjelke-vatnet, har du eit flott utgangspunkt for ein tur på glattskurte svaberg som ein gong har lege under brea. Planen vår var å gå til Juldalsknottane, der du følgjer den varda stien til Hundsøyra eit godt stykke på veg.

DSC_0125

P1020287
Eg rota flokken min litt vekk i starten, og kunne plutseleg sjå ned i fjorden. Etter kartet å dømma, skal dette vera bak Kjeaskorane.
P1020293
Endeleg på veg over Pyttafloane, eit utruleg passande namn, eit utal dammar, småvatn og nettopp, pyttar.
P1020296
I horisonten innover i landskapet lyser Folgefonna med isblå brefall i kantane
pytten
Lett å gå heim att, Juldalsknottane får venta til ein annan gong.

Alvaldsnuten

Vegen til Alvaldsnuten er nyleg merka. Her kan du gå korte turar langs Vetrhusvatna, eller du kan klatra opp urane til topps.

P1020256
Start ved Vetrhusvatna
P1020259
Vardebygging langs nymerka løype
P1020266
Tur i lett, grønt terreng frå Vetrhusvatna innover dalen
P1020273
Landskapet endrar seg til gråur og morenemasse
P1020283
Toppen, mot havet og  Siggjo til høgre langt ute.
P1020275
Luftig utsikt ned mot Eikemo med Langfoss i Åkrafjorden i bakgrunnen
P1020280
Mot nord ligg Folgefonna, alltid mektig skue