Hausthage

Hausten har for lengst banka på i nr 9, dansande insekt har lete seg fanga i vevkjerringane sine slue nett kring lyskjelda. Ingen har hatt tid til å stella blomar på lenge!

Eg likar best planter som greier seg sjølv, utan særleg stell, hortensiaen med si overdådige blomeprakt er eit funn for hagen om hausten.

Rosene blømer stadig, om enn noko medtustra etter all vinden.

Elles kan hausthagen by på mat for småfuglen framover mot vinteren.

Mat for folk finst òg. Om du skal planta deg eit nytt epletre, kan eg anbefala discovery. Han løner deg med mykje eple. Vårt tre vart planta for 1 år sidan, og stod full i finaste raude eple i år.

Sukkerepla som heng så dårleg på stilken sin, havnar oftast som mat for det som kryp på bakken.

Men midt i blandt det som er på veg ut, finn du ein raudnande kristtorn på veg inn, ei varsom påminning om at det berre er 3 1/2 månader til jul 😉