King Kong og eg

Dersom eg ein vakker sommardag skulle treffa på King Kong i Skålagato, skulle eg ha vist han opp til verdens finaste, naturlege skate-rampe mellom Laurdalstind og Melderskin. Her kunne han halde på med rullebrettet sitt ganske uforstyrra, for så å stiga varsomt ned, under Hålandsbråtet, nedover Malmanger, og så leggja seg roleg ned på hotellstranda og venta på skyss vidare.